Det beste med Argentina

Hei igjen!


Tida går så utruleg fort at det er skummelt. No har eg vore her i nesten 4 månedar, og eg kom akkurat heim frå ein utruleg fin reise sør i Argentina med dei andre utvekslingsstudentane. Den varte i 18 dagar og vi fekk sjå utruleg mykje, oppleve mykje nytt og møte mange nye folk. Den var absolutt verdt pengane og anbefalast på det sterkaste til alle som reiser på utveksling til Argentina (som du absolutt burde). Ettersom eg har vore her ei god stund no, kan eg konkludere med at eg veit meir enn da eg kom, eg er no komen inn i rutinar, og språket går ganske greit. Ganske greit vil sei at eg får som regel sagt det eg vil (sjølv om det kan vere ganske grammatisk feil) og eg forstår det meste folk sei til meg.


reise sammen med andre utveslingsstudenter

Utvekslingselever frå overalt i Europa.


I dette innlegget tenkte eg at eg skulle ta føre meg kva som er bra med Argentina og rett og slett kvifor du burde velge Argentina. Først av alt er Argentina eit veldig fint og trygt land. Vi høyre eigentleg ikkje særlig mykje om Argentina heime i Norge, og når eg sa til venner og familie at eg skulle til Argentina så lurte dei på kvifor i alle dager eg skulle dit. Det er jo eigentleg eit ganske ukjent land for oss, og det kan skremme mange med tanke på at du ikkje veit om der er trygt og du veit ikkje korleis folket er, men Argentina er trygt, du kjem til å være trygg her og folka er berre heilt fantastiske (så foreldre, ikkje stress med det).


Visst du vil ha eit varmt utvekslingsår så er Argentina perfekt for deg. Når du kjem hit i August kan det vere litt kaldt, nesten som norsk høst. Så blir det jo berre varmare. Du får en sommarferie som startar ca. midten av desember og varer til starten av mars. Sommaren er varm frå 30 til 40 grader og mange tilbringar sommarferien ved bassenget eller så reiser dei rundt i Argentina. Så basically om du reiser til Argentina så får du tre somrar på rad (vinteren heime blir erstatta med en sommar).


lære spansk i argentina

Solnedganger i Argentina er fantastiske!!


Ikkje velg bort Argentina fordi du er redd for at språket blir ein for stor utfordring. Eg hadde et år med spansk på vidaregåande før eg kom hit, det vil sei en time kvar veke, samtidig så er jo spansken her litt meir annleis enn spansken i Spania (fortsatt ganske likt da), så eg hadde jo absolutt ikkje eit stødig utgangspunkt. Dessutan er det mange andre utvekslingelevar som reiser ned hit uten å kunne et ord på spansk bortsett frå ”gracias”, ”si” og ”no”, og no går det veldig bra med dei. Det har seg nemlig sånn at med dagens teknologi er det ikkje altfor vanskelig å kommunisere. Familien min her, kan ingenting engelsk, absolutt ingenting, og eg vill ikkje sei at eg kan kommunisere med vennane mine på engelsk heller. Men akkurat det er eg veldig glad for no. I begynnelsen var Google Translate min beste venn og det funka bra. Eg måtte faktisk bruke appen kvar einaste gong eg skulle sei noko og dei brukte også appen når dei ville sei meg noko. Det er rart og tenke tilbake på no, for no bruka eg nesten aldri appen lenger. Så eg lova deg, du trenge faktisk ikkje å kunne spansk før du kjem hit, for eksempel litt øving på Duolingo (en app for spansklæring) er nok. Sjølv om det kjennast litt frustrerande ut i begynnelsen blir det beitre, veldig fort, og du får utrulig mykje ut av et år i Argentina, du lærer mykje meir her enn det du nokon gang vil med fleire år med spansktimer i Norge.

utveksling i argentina

Overraskelsefrukost på bursdagen min!



utvekslingsstudent

Bursdagsfest til venninna mi Salome.


For all del, stress heller ikkje med å tru at du ikkje kjem til å få vennar. For det gjer du, du kjem til å bli forelska i det argentinske folket, for alle er så snille og interesserte. På skulen kjem du mest sannsynlig til å bli et midtpunkt i begynnelsen, (det kjem til å bli mykje stirring!). Det er rett og slett fordi du kjem frå ein anna plass, du er på en måte ny og spennande. Folk har lyst å vise deg rundt og ta deg med på ting, dei er nemlig veldig opptatt av at du lika Argentina, for argentinara elska landet sitt. Dei kjem til å stappe deg full av empanadas, asado, kjøtt og meir kjøtt, og du kjem mest sannsynlig til å like det haha. Men seriøst, du kjem til å få venner, du kjem ikkje til å bli sittande på rommet ditt aleine uten noko å gjer og sist men ikkje minst så kjem du ikkje til å angre.


bonfire i argentina

Det smakar beitre enn det ser ut haha.


PS: For dokke som lurer på kor religiøse dei er her, så kan eg sei at dei er ganske like oss i Norge. Mesteparten er katolikkar men praktiserar ikkje religionen, slik som eg opplever det, kjenner eg ingen som går i kyrkja kvar veke, min familie går kun i kyrkja på høgtider som jul og påske.


Mange klemmer frå Julie



Se også: Julies første måned i Argentina


Close
Takk for din interesse! Om kort tid vil noen hos Explorius kontakte deg. Detaljene som du har fylt i vil lagres på en sikker måte og aldri bli delt med en tredje partner. Vi kommer til å sende deg e-post med informasjon til den e-post adressen du har delt med oss. Vennligst angi om du samtykker til dette nedenfor.