Å feire jul på utveksling

Plutselig var desember forbi, og med desember kom også jula, sjølv om det ikkje føltes heilt sånn her nede. Desember i Argentina er begynnelsen på en lang sommerferie, det er varmt, av og til så mykje at heile dagen blir tilbrakt med bassenget, ikkje at eg klagar haha. Julestemninga derimot var ikkje på topp. Jul i Argentina blir sjølvsagt feira, majoriteten er jo tross alt katolske, dei pyntar og har sine juletradisjoner, men ikkje i samme grad som heime. Jula er min favoritt høgtid og eg var derfor forberedt på at det kanskje ville bli ei litt tøff tid. Jul for meg er jo eigentleg at heile familien er heime, det er snø utanfor soveromsvinduet mitt, eg laga julekaker med mamma og Laura, vi drikke kakao til frokost, julemusikken står alltid på og syskenborna mine og eg kan ete så mange julekaker som vi vil fordi mommo og bestemor laga så uendeleg mange.

 utsikt Har dessverre ikkje mobil eller kamera til å ta bilde lenger, så bildene i dette innlegget blir derfor anten gamle bilder eller tatt fra Louise (ein anna utvekslingselev fra Norge). Her er i alle fall ei veldig fin bru i byen Villa Maria!

I Argentina er ikkje jula så stor som heime, det er for varmt til å drikke kakao, dei har ikkje peiling på kva pepperkaker er, julemusikk høyre ikkje dei på, og juletreet er pittelite og står i et hjørne for seg sjølv. Det er veldig forskjellig men eg gjorde jo det beste ut av det, så i staden for varm kakao så drakk eg kald sjokolade melk til frokost, og så laga eg pepperkaker så alle kunne smake og i mot alle protester frå venninnene mine så satte eg på julemusikk for hallo?! Det er jo jul! Og når eg fortel om korleis heile familien min heime går rundt juletreet og syng for full hals så får eg litt rare blikk og latter, men eg blir også berre enda meir takknemlig for at vi gjer akkurat det! Det kjem jo også masse bra ut av å feire jul her. Eg får oppleve noko heilt nytt, altså ein annan måte å feire jul på. Tenk at dei har 40 grader når det e jul liksom! Det er jo ikkje skikkeleg jul uten snø? I tillegg til alt dette så innser eg også kor viktig jula er for meg og kor mykje eg sette pris på familien min og plassen eg bur på heime i Norge. Eg blir berre veldig glad av å tenke på jula og eg innser kor utruleg heldig eg er. «Como en las películas» sei dei når eg prøva å forklare korleis jula er heime i Norge, og det er jo delvis sant, for dei så er jo snø og julenissen noko dei berre opplever gjennom filmer.

Argentinsk mat Her er eg på besøk med Louise fra Norge, vi lagde pepperkaker sammen, eller dei såg i alle fall ut som pepperkaker haha!

For meg handlar jula om felleskap, takknemlighet, familie, venner og masse meir. Derfor tenkte eg ekstra mykje på kva eg er takknemlig for i jula, og eg er utrulig takknemlig for at eg får sjansen til å reise på utveksling, (virkelig tusen takk for det mamma og pappa!) Om du har sjansen til å reise på utveksling så burde du absolutt det, for du lære så utrulig mykje. Du lære et nytt språk, ny kultur, du kjem til å bli kjent med mange nye fantastiske folk og til slutt men absolutt ikkje minst kjem du også til å lære så utrulig mykje om deg sjølv. Eg angra ikkje et sekund på at eg reiste! Tenk at eg snart er halvvegs(!) i utvekslingsåret mitt, tida går altfor fort og eg begynne nesten å stresse om eg har nok tid til å lære og oppleve alt eg vil! Eg er i alle fall ikkje klar til å reise heim enda.

venner på utveksling Eg er veldig takknemlig for at eg har fått så gode venninner her, og håpa vi helde kontakta sjølv når eg reiser heim.

Så kanskje det ikkje akkurat blei ei jul som heime i år, men eg veit at eg kjem til å sette mykje meir pris på jula heime til neste år. Eg har i minste nytt denne jula, eg har ete geit og sett på fyrverkeri, eg har vore med venner og familie, eg har bada og sola meg og eg har opplevd og lært masse nytt. Håpar alle hadde ein utruleg bra jul og måtte 2018 blir minst like bra som 2017!