Julie er på utveksling i Argentina

Hei! Eg heiter Julie Haugen og for ca. 1 månad sidan starta eg på utvekslingsåret mitt i Argentina. Etter å ha eit år med spansk på Vg1 så reiste eg til eit land der alle snakkar spansk, nokre få engelsk og ingen norsk.

Chao Noruega, Hola Argentina!

Å sei farvel er alltid veldig vanskeleg, og eg var ikkje klar over kor vanskeleg det skulle bli, men det er også sjukt lærerikt og veldig innsiktsfullt. Du innser kor mange flotte menneske du har rundt deg og du begynne å lure på kvifor du vel å forlate en plass kor du har det så fantastisk bra. Vg1 har gått så altfor fort og det får meg til å tenke på kor fort livet faktisk går, verden er så stor og eg vil sjå og lære mest mogleg. Eg vil oppleve noko annleis, både godt og vondt, og innsjå at det faktisk er meir enn berre den lille, utrulig fine og trygge plassen gjømt i mellom fjella og dalane. Eit år går jo faktisk veldig fort. Derfor sto det ei stykk litt nervøs, litt emosjonell og ekstremt spent jente på Gardemoen 25.Juli 2017.

før avreise til Argentina

Å sei hade til familie, kjæreste og venniner var veldig tøft, men vi ser kvarandre igjen om ikkje så altfor lenge <3

Flyturen og Soft Landing Camp
Flyturen gjekk veldig bra, eg reiste med Louise og Tobias som er to andre norske utvekslingsstudentar. Vi blei ganske fort gode vennar som gjorde at den lange reisa og all ventinga ikkje blei så kjedelig. Da vi endeleg kom fram til flyplassen i Cordoba, den nest mest folksame byen i Argentina, blei vi plukka opp av EduQuality Argentina som kjørte oss til hotellet, der alle dei andre utvekslingsstudentane var.

Soft Landing Camp bidrog verkeleg til en ”Soft Landing” i Argentina. Det var kjekt å vere med andre utvekslingsstudentar i akkurat same situasjon som deg og vi hadde mykje å prate om. Vi budde på eit hotell litt utanfor Cordoba, til saman var vi ca.25 utvekslingselever frå land som Tyskland, Italia, USA, Sverige, Brasil, Japan, Estland, Danmark og Norge. Spanskerfaringa var veldig forskjellig, nokon hadde studert spansk i fleire år og andre hadde absolutt ingen erfaring. Vi blei plassert i to klasser, ein med lettare spansk og ein med vanskelegare. I tillegg til å ha en del spansk timer kvar dag så var vi også på sightseeing i Cordoba, lærte veldig mange nyttige ting om Argentina, vi var på en utflukt til ”Sierrane”, fekk veldig masse god mat og gjorde mange morosame aktivitetar ilag!

utveksling i argentina



Dette er ”sierrane”. Akkurat no er det vinter og dessverre ikkje så grønt, men om sommaren så er alt grønt så lang enn kan sjå.

Møte vertsfamilien

Etter 4-5 dagar på Soft Landing camp skulle vi endeleg få møte familiane våre, det var en så rar følelse og eg visste ikkje kva eg skulle forvente. Eg kunne jo ikkje spansk, og dei kunne ikkje noko engelsk. Men så smart som eg er, så hadde eg lasta ned Google Oversetter ordboka på engelsk, norsk og spansk, så eg kunne bruke det sjølv når eg ikkje hadde internett. Google Oversetter viste seg for å vere min beste venn den første tida.

reise på utveksling

Ein gjeng med spente utvekslingsstudentar ventar på å møte vertsfamilien sin.

Eg blei møtt med klemmer og kyss når vertsmor, vertsfar og vertsbror på 10 år kom inn døra på hotellet. Vertsmor insisterte på at eg skulle kalle ho ”mama” og vertsfar ”papa”. Så kjørte vi dit eg skulle tilbringe det neste året mitt. Når vi kom heim var resten av familien der. Vertsfamilien min består av vertsforeldrene mine, tre vertsbrødre på 10, 23, 26 år og 3 vertssøstrer på 19, 21 og 25 år. Men i huset bor kunn eg og Lucio (10 år) og vertsforeldra mine. Dei andre studera og jobbar i andre byar. Derfor delar eg kunn rom når vertssøstera mi på 19 år kjem heim i helgane.

blogg om utveksling

Verdens beste vertsfamilie! Med denne familien blir det alltid mykje latter, vitser, og smil.

Den første natta i eit nytt hus med en familie eg verken visste så godt kven var og som er ikkje greidde å kommunisere skikkeleg med var litt rar. Dei tok meg veldig godt i mot og sjølv om det ikkje var så enkelt å kommunisere, så gjekk det fint. Den kvelden trur eg at eg hadde eit lite kultursjokk, men eg var forberedt på at det kunne skje, og det føltes eigentleg ganske naturlig og godt å grine litt haha. Samtidig så var det ikkje fordi eg ville heim, men meir fordi at det blei så mykje nytt på en gong at eg vart litt overvelda. Eg syns personlig det er veldig godt å grine, fordi da får eg liksom ut all frustrasjonen, også har eg det som regel mykje beitre etterpå, spesielt når eg får en god klem av vertsmor som sei at alt kjem til å gå bra, og det gjer det, det går skikkeleg bra!

Klem frå Julie!

Se også: Det beste med Argentina

Close
Takk for din interesse i Explorius Norge. Explorius Norge er en del av Educatius Group AB som består av flere selskaper som samarbeider om studentutveksling. Educatius Group AB gir ungdommer muligheten til å studere i utlandet og oppdage en ny kultur gjennom læring. 

"Vennligst fyll ut begge feltene"